Hemsedal Flatbrødbakeri AS bakar:
Alt me lagar er steikt på jerntakke. Dette er ein av dei eldste måtane å lage mat på. Me brukar ingen ”lettvintløysingar” i produksjonen vår. Alle deigar og rører blir laga frå botnen av, frå fyrsteklasses råvarer. Me tilset heller ikkje konserveringsmiddel. Sjølve bakinga er handverk . Det trur me at du kjenner på smaken når du tek deg ein bit!
Bakeriet ligg litt opp for Hemsedal sentrum, på Kyrkjebøen. Vi held hus i heilt nye, lyse og trivelige lokal. Nærmaste grannen vår er dei eldgamle murane av Stavkyrkja i Hemsedal. Det er no baking fire til fem dagar i veka. Me er seks tilsette, og alle har me røtene våre solid planta i tradisjonane.
Velkommen til ein handel det smakar av.
Beste helsing frå,
Bakstekjerringane i Hemsedal Flatbrødbakeri
- Økologisk flatbrød
- Lefse
- Lefsekling
- Kvikaku
- Rummebrød
- Gofalefse
- Lappar
- Lompe
- Les meir om produkta våre >
Alt me lagar er steikt på jerntakke. Dette er ein av dei eldste måtane å lage mat på. Me brukar ingen ”lettvintløysingar” i produksjonen vår. Alle deigar og rører blir laga frå botnen av, frå fyrsteklasses råvarer. Me tilset heller ikkje konserveringsmiddel. Sjølve bakinga er handverk . Det trur me at du kjenner på smaken når du tek deg ein bit!
Bakeriet ligg litt opp for Hemsedal sentrum, på Kyrkjebøen. Vi held hus i heilt nye, lyse og trivelige lokal. Nærmaste grannen vår er dei eldgamle murane av Stavkyrkja i Hemsedal. Det er no baking fire til fem dagar i veka. Me er seks tilsette, og alle har me røtene våre solid planta i tradisjonane.
Velkommen til ein handel det smakar av.
Beste helsing frå,
Bakstekjerringane i Hemsedal Flatbrødbakeri
Trykk på bileta for større utgåve · © foto: svein rosseland (Det er forbudt å kopiere og bruke bilder uten tillatelse)








