Hemsedal Flatbrødbakeri - økologisk flatbrød · kvikaku · gofalefse · lappar · rummebrød

Økologisk Flatbrød

Picture
Flatbrød blir med rette rekna som vårt nasjonale brød, og var saman med lefse hovudnæringa i gamal tid. Me steiker flatbrødet på gamlemåten, på jarntakke. Dette gir god smak. Flatbrød kan stå på bordet til alle måltid. Det høver spesielt til spekemat, småmat, supper, rakfisk, røyka laks og som kveldskos med rømmedip. Flatbrød er sunt, verkar mageregulerande og vekker appetitten.
Innhald: Økologisk mjøl (grovt sammale kveite- og rugmjøl, fint sammale kveitemjøl og steinmale byggmjøl), kokt vatn & salt. Skal lagrast turt og kjøleg.

Lefse

Picture

Lefsekling

Picture

Kvikaku

Picture
Frå gamalt av har kvikaku vore stølsmat. Dei vert steikte på takke. Ein et dei anten med brunost, eller med rømme og syltetøy. No vert dei fyrst og framst nytta som kaffimat, men høver og som kveldsmat. Innhald: Kveite- og rugmjøl, søt- og surmjølk, natron og salt.

Rummebrød

Picture

Gofalefse

Picture
Gofa er halling for ”bestefar”. Gofalefse har lange tradisjonar som kaffimat i Hallingdal, men høver like godt som turmat. Innhald: Kveitemjøl, kefirmjølk, smør, sukker og sirup, melis, natron, hornsalt og vaniljesukker. Ferskvare.


Lappar

Picture
Lappar er ein godbit som har vore mykje brukt i Hallingdal. Ein lagar røre av det ein har i huset, og steiker lappane på takke. Dei er gode både som søtmat og som turmat med smør og ost på. Lappane våre er ikkje tilsett konserveringsmiddel. Innhald: Kveitemjøl, kefirmjølk, egg, sukker og natron. Ferskvare.

Lompe

Picture